Dødfødsel

Behandlingsprogram

Når et barn dør før fødselen, er det en av de største tragediene foreldre kan oppleve. Alle forventingene og planene for en fremtid med det nye familiemedlemmet, blir snudd til sjokk, krise og sorg. 

Les mer om Dødfødsel
Informasjon fra helsenorge.no

Dødfødsel

Å miste eit barn før det er fødd opplevast som naturstridig og meiningslaust. Det er ein av dei største tragediar eit menneske kan oppleve.

Å miste eit barn er så mykje meir enn berre den store sorga over barnet som døydde. Alle som skal bli foreldre har forventningar, håp, draumar om framtida i lag og gler seg til å bli kjent med barnet sitt. 

All den gleda du har kjent i svangerskapet, blir plutseleg snudd til fortviling. Foreldra rakk aldri å bli kjent med barnet sitt, kose med det eller vise det fram til familie og vener.

Eit barn som døyr før det er fødd har heller ikkje fått sin identitet bekrefta frå familie og vener. For foreldre kan sorga opplevast som veldig einsam.

Når barnet døyr i mors liv

Alle reagerer ulikt på ein slik hending. Nokon ønskjer å bli lagt inn på Fødeavdelinga med ein gong, andre treng meir tid og vil kanskje ein tur heim før sjølve fødselsarbeidet må bli gjort.

Kvinna blir anbefalt å føde vaginalt, og igangsetjing av fødsel vil skje. Tilbod om god smertelindring (epidural) er sjølvsagt under fødselen, samt tett oppfølging av lege og jordmor.

Dei fleste foreldre ønskjer å sjå, halde, ta bilete og fotavtrykk av deira nyfødde barn. Jordmor legg til rette for at foreldra får den tida dei treng i lag med barnet sitt og for å ta farvel, viss dei ønskjer det.

Oppfølging på sjukehuset

Foreldra har tett kontakt med ein eller få jordmødrer under sjukehusopphaldet. Personalet er der for å gi støtte og praktisk hjelp når tunge avgjersler må bli tatt.

Ved å gi foreldra medmenneskeleg omsorg og tilgjengeleg informasjon, vil personalet prøve å skape ein viss forståing for kva som venter i dei tunge dagane som kjem. Ingen kan ta bort sorga, men kanskje smerta kan lindrast litt.

Les mer om Når barnet dør i mors liv (helsenorge.no)