Ischemi i underekstremitetene
Operasjon av trange blodårer i beina
Hensikten med behandlingen er å bedre blodtilførselen til beina. Det finnes flere behandlingsmetoder og metoden velges ut fra hvilken blodåre som er tett, og hvor omfattende fortetningen er.
Før
Innleggingsdagen eller dagen ved preoperativ poliklinikk
Du kan ta med ein pårørande når du får informasjon.
- Legen orienterer om behandlinga under opphaldet.
- Sjukepleiar gir deg informasjon om førebuingane til operasjonen, og førebur deg på tida etterpå. Sjukepleiaren spør om ting knytte til ernæring, aktivitet og vannlating/fordøying. Formålet er å vite om vi må ta spesielle omsyn under opphaldet.
- Kirurgen informerer om sjølve inngrepet og korleis situasjonen er vurdert før operasjonen.
- Anestesilegen informerer om bedøvinga. Ta gjerne opp erfaringane dine frå eventuelle tidlegare operasjonar.
Prøvar og undersøkingar
- Blodprøvar
- Vekt og høgd
- Lungerøntgen. Blir teke dersom nødvendig. Ein portør kjem då innom avdelinga og følgjer deg til røntgenavdelinga.
- EKG/Hjerterytmeprøve. Blir teken dersom det er nødvendig. Prøven blir teken på avdelinga.
- Urinprøve. Blir teken om det er symptom på urinvegsinfeksjon.
Førebuingar kvelden før operasjonen
- Dusj og hårvask. Det er ikkje nødvendig å bruke noka spesiell såpe. Ta på rein nattskjorte/pyjamas etterpå.
- Du vil få tilbod om sovemedisin av nattevakta.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Førebuingar operasjonsdagen
- Dersom du er heime, møter du nydusja på avdelinga.
- Dersom du ligg på avdelinga, vil nattevakta vekkje deg cirka klokka 06:00 for at du skal få tid til morgonstell og tannpuss.
- Vi barberer området der du skal opererast. Dette gjer vi for å minske risikoen for
- Nokre pasientar får ”premedikasjon” før operasjonen. Dette er tablettar som skal få deg til å slappe av og du kan oppleve å bli trøytt. Vi avgjer om du skal ha dette. Ta med eigne medisinar, og om du bruker inhalator/turbohalar tek du også med desse.
På store pulsårer i magen og bekkenet bruker vi ofte kunstige blodårer av polyester eller teflon til å passere forbi forsnevringa. På lår eller legg nyttar vi vanlegvis di eiga vene som erstatning for den åra som har gått tett, men av og til blir det lagt kunstige årer nedover beina òg. I andre tilfelle kan vi ”skrelle” ut åreforkalkinga.
Kirurgen vil informere deg om kva metode vi skal bruke i ditt tilfelle.
Etter
Etter operasjonen vil du først liggje på ei oppvakningsavdeling, deretter til sengepost. I denne fasen vil ein sjukepleiar kontinuerleg passe på deg og følgje med blodtrykk, hjarterytme, pustefunksjon, eventuelle smerter og anna viktig. Du vil ha innlagt ein del utstyr for å kunne måle dette. Vi fjernar utstyret gradvis dei første dagane. Vanlegvis vil du få flytte ut i avdelinga allereie operasjonsdagen.
Vær oppmerksom
Kontakt avdelinga om dersom du får nokre av desse plagene:
- tung pust
- bløding i såret
- væske fra såret
- aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
- aukande hevelse i eitt eller begge bein
- sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
- svimmelheit eller svime
- feber
Blir du akutt sjuk, ring 113.
Kontakt
UNN Tromsø
Hjerte-, lunge- og karkirurgisk avdeling
Ventetid: Ikke oppdatert
Ventetid: Ikke oppdatert
Kontakt Hjerte-, lunge- og karkirurgisk avdelingOppmøtested
Fløy B1, plan 7UNN Tromsø
Hansine Hansens veg 67