Arbeidsmedisinsk utredning
Arbeidsmedisinsk utredning går i hovedsak ut på å vurdere om du har sykdom som har oppstått som følge av påvirkninger i arbeidet du har eller at sykdommen har blitt forverret av denne påvirkningen.
Henvisning og vurdering
Både allmennpraktiserende leger, bedriftsleger, sykehusleger og privatpraktiserende spesialister kan henvise til arbeidsmedisinsk vurdering.
Før
Dersom du trur at du har ein arbeidsrelatert sjukdom, kan du kontakte fastlegen din (eller ein annan lege) som saman med deg vurderer om det er rett å sende ei tilvising til arbeidsmedisinsk / yrkesmedisinsk avdeling.
Dersom vi ut frå tilvisinga meiner at vi kan hjelpe deg med spørsmåla, blir du innkalla til undersøking. Det er viktig at det i førespurnaden frå fastlegen kjem klart fram kva problemstillinga er.
Det er til stor hjelp om du før timen hos oss tenkjer nøye igjennom og gjerne skriv ned litt om yrkeskarrieren din og eventuelle arbeidsmiljøpåverknader. Saman med innkallinga får du eit skjema der vi ber deg oppgi tidlegare og noverande arbeidsforhold.
Der det er aktuelt ber vi om at du tek med datablad (informasjon om farlege eigenskapar ved eit kjemikalium) og annan tilgjengeleg informasjon om påverkingar du har vore utsett for.
Under
Utgreiinga skjer i form av ein time hos ein lege ved avdelinga, og i nokre tilfelle kan også yrkeshygienikar og/eller sjukepleiar vere med. Du blir intervjua om arbeidet ditt og påverkingar i arbeidet gjennom yrkeskarrieren din og aktuelle helseplager.
I nokre tilfelle er det aktuelt med legeundersøking, blodprøvar, og lungefunksjonsundersøking. Det kan også vere aktuelt med vidare undersøkingar på andre avdelingar på sjukehuset.
Etter
Nokre kan bli litt slitne etter konsultasjonen dersom han har teke lang tid.
Dersom vi konkluderer med at du har ein arbeidsrelatert sjukdom, får du informasjon og råd om kva du bør gjere med tanke på framtidig arbeid (tilrådingar om tilrettelegging, omskolering eller anna) og om eventuelle rettar du har når det gjeld trygd og forsikring.

Kontakt
UNN Tromsø
Arbeids- og miljømedisinsk poliklinikk
Ventetid: Ikke oppdatert
Ventetid: Ikke oppdatert
Kontakt Arbeids- og miljømedisinsk poliklinikkOppmøtested
Fløy D1, plan 1.
UNN Tromsø
Hansine Hansens veg 67