Muskelbiopsi
En muskelbiopsi er et inngrep der vi tar en vevsprøve fra en muskel og gjør en mikroskopisk undersøkelse av prøven for å lete etter sykdom. Musklene som egner seg best er der du har svekkelse av muskelkraft og der hevelse vises på bildediagnostikk (MR). De vanligste stedene på kroppen å ta biopsi er muskler på yttersiden av lårene, skuldrene og overarmene.
Før
Ta kontakt med fastlegen din før biopsien dersom
- du bruker blodfortynnande medisinar
- du har ein sjukdom som inneber auka risiko for bløding
- du er allergisk mot lokalbedøving
For å redusere risikoen for bløding må du vanlegvis slutte å bruke blodplatehemmarar (til dømes Albyl E eller Plavix) i inntil 10 dagar før vi tek biopsien. Du må også kutte bruken av Marevan og nye blodfortynnande medisinar, som til dømes Eliquis, Xarelto og Pradaxa.
Ta kontakt med kvar enkelt avdeling som skal utføre inngrepet for å få nærare informasjon om kor lenge før inngrepet du skal stoppe å ta desse medikamenta.
Dersom du ikkje har fått beskjed om noko anna treng du ikkje å faste før inngrepet og du kan ete frukost same dag. Vi tilrår at du ikkje køyrer bil sjølv til og frå sjukehuset denne dagen, men at du ordnar annan transport.
Sjølve prøvetakinga tek omtrent éin time. Ein sjukepleiar gir deg råd om korleis du skal liggje. Vanlegvis ligg du på ein benk på ryggen eller på magen.
Under
Under sjølve inngrepet bruker vi sterile hanskar og kledning. Vi barberer huda og desinfiserer («vaskar») der vi skal ta biopsien. Det aktuelle området dekkjer vi til og du får ei lokalbedøving i huda. Vi bedøver ikkje sjølve muskelen. Dette er fordi bedøving av muskelen kan føre til skadar på muskelvevet, slik at vi ikkje kan bedømme prøva under mikroskop. Av den grunn er det mogleg at du kjenner eit ubehag i sjølve muskelen medan vi tek ut muskelvevet.
Først gjer vi eit snitt på omtrent fem centimeter i huda og bindevevet. Når vi har komme fram til muskelen skjer vi ut ein liten bit av vevet på omtrent éin centimeter.
Vi stoppar og tørkar opp eventuelle småblødingar i muskelen og under huda før vi lukkar bindevevet og huda med nokre sting. Etterpå legg vi på ein kompresjonsbandasje over området.
Etter
Etter undersøkinga må du vere varsam med belastning i operasjonsområdet.
Du bør unngå å anstrenge deg dei første dagane. Når bedøvinga forsvinn, kan du oppleve å få smerter som varer i nokre dagar. Du kan dempe smertene med reseptfrie smertestillande middel.
Etter 10–14 dagar kan fastlegen fjerne stinga etter inngrepet.
Det kan ta fleire veker før alle resultata frå undersøkinga er klare. Prøvesvara blir sende til legen som tilviste deg og/eller fastlegen din. Ved behov får du time til kontroll på poliklinikk.

Vær oppmerksom
Kontakt avdelinga om dersom du får nokre av desse plagene:
- tung pust
- bløding i såret
- væske fra såret
- aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
- aukande hevelse i eitt eller begge bein
- sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
- svimmelheit eller svime
- feber
Blir du akutt sjuk, ring 113.