Behandling
HIV behandling
Hiv behandles ved å bruke tabletter som senker virusnivået i kroppen. Målet er å redusere virusnivået ditt så mye som mulig, det vil si til det ikke er påvisbart i blodet (hiv-rna 0). Hiv-behandling er viktig både for å redusere smittsomheten og for å unngå at du selv utvikler immunsvikt og hiv-relaterte sykdommer. Hvis du tar medisinene uregelmessig eller stopper helt, vil viruset komme tilbake i blodet. Du må derfor ta tablettene hver eneste dag livet ut.Alle hiv-positive i Norge blir tilbudt behandling så fort diagnosen er stilt og vi har fått litt oversikt over deg og livet ditt.
Målet med hiv-behandlingen er å bremse kroppens produksjon av virus så mye som mulig. Hvis man lykkes med å få virusnivået i blodet ned, noe de aller fleste lykkes med, vil immunforsvaret bli tilnærmet normalt igjen. Faren for hiv-relaterte sykdommer og plager vil da være veldig liten.
Medisiner som brukes til å redusere virusnivået ved en virusinfeksjon, kalles antiviral medisiner. Disse medisinene helbreder ikke virussykdommen, men bremser utviklingen av den. For å redusere virusnivået ved en hiv-infeksjon, brukes en kombinasjon av flere ulike antivirale medisiner.
Før
Hiv-behandling krev inga spesiell førebuing utover at du må innstille deg mentalt på å ta medisinar regelmessig livet ut. Regelmessig bruk er viktig for å unngå at viruset blir motstandsdyktig eller resistent mot medisinen.
Under
Moderne hiv-behandling er basert på ein kombinasjon av minst tre medisinar – såkalla kombinasjonsbehandling. Medisinane tar du heime. Behandlinga varer livet ut. Dei fleste greier seg i dag med ein–tre tablett(ar) éin gong dagleg, med eller utan mat. Dette er kombinasjonstablettar som inneheld fleire verkestoff i ein og same tablett. Ved kombinasjonsbehandling blir medisinar nytta frå minst to grupper av hiv-medisinar (oftast éin eller to NRTI + ein integrasehemmar).
Gjer det vondt?
Sjølve behandlinga gjer ikkje vondt, men du kan oppleve biverknader.
Biverknadar
I likskap med alle andre medisinar kan hiv-medisinar gi biverknader, men biverknadene er som regel få og milde. Dei vanlegaste biverknadene er at ein er trøytt, svimmel, kvalm, kastar opp, har diaré, slit med å sove og har hovudverk. Desse biverknadene blir mindre eller forsvinn som regel etter få veker. Enkelte hiv-medisinar kan gi biverknader som oppstår først etter lengre tids behandling. Dersom biverknadene blir for vanskelege å handtere, kan du i dei fleste tilfelle bytte ut éin eller fleire av medisinane i kombinasjonsbehandlinga. Snakk med legen eller sjukepleiaren din dersom du opplever biverknader.
Du skal aldri avbryte hiv-behandlinga på eiga hand utan å konferere med behandlande lege.
Kor lenge varer behandlinga?
Det er gjort store framsteg i behandling av hiv, men sjølv livslang behandling kurerer ikkje infeksjonen. Personar som lever med hiv må gå regelmessig til kontroll for å sjekke at behandlinga verkar, at den ikkje er årsak til biverknader, og for å få resept.
Etter
Hiv-behandlinga varer livet ut. Det er viktig å følge behandlingsopplegget nøye for å halde oppe eit best mogleg nivå av medisinen i kroppen, samtidig som det reduserer risikoen for resistensutvikling. Dersom det blir for lita mengde medisin i kroppen, vil ikkje lenger behandlinga hindre viruset i å formeire seg. Det kan føre til resistens, noko som inneber at medisinane ikkje lenger gir same effekt.
Dersom du tar medisinane kvar dag, er risikoen veldig liten for at viruset skal bli resistent.
Kontroll – oppfølging
Du må kome til kontroll ved infeksjonsmedisinsk poliklinikk jamleg i åra som kjem. I starten er det mange blodprøver, målingar og registreringar. Du treng også ein del informasjon og – ikkje minst – moglegheiter til å stille spørsmål. Det første halve året blir det derfor hyppige kontrollar, både hos lege og sjukepleiar. Etter oppstart av hiv-behandling er det ofte kontroll hos sjukepleiar etter fire veker og til legen etter seks veker. Dersom alt går bra, og du ikkje har fleire tilleggsproblem, held det ofte med kontroll ein–to gonger per år. Ein av desse kan ofte vere hos ein sjukepleiar.
Dei viktigaste blodprøvene er måling av virusnivået (=hiv-RNA) og antal CD4-celler. Virusnivået angir mengda hiv-virus i blodet. Målet med behandlinga er å komme ned til eit ikkje-målbart virusnivå (hiv-rna 0). Det betyr ikkje at viruset er vekk, men at virusnivået i blodet er så lågt at testen ikkje kan påvise det. Antal CD4-celler viser kor godt immunforsvaret fungerer. Når CD4-nivået er over 500, er det innanfor normalområdet. Det blir også tatt ein del andre klinisk kjemiske blodprøver årleg, som lever-/nyreprøver, kolesterol osv.
Vi sender deg innkalling til time for rutineprøver to veker før kontroll. Du får ei SMS-påminning fire dagar før lege-/sjukepleiar-konsultasjonen, men dessverre får du ikkje påminning før blodprøva. Det er likevel viktig at du kjem på rett dag. På torsdagar lagar vi klar blodprøverekvisisjonar for heile kommande veke. Dersom legen har sagt du skal ta nokre tilleggsprøver, eller du er med i eit forskingsprosjekt, hektar vi dette på då. Dersom du kjem utan avtale, blir det derfor veldig vanskeleg for oss å finne ut kva prøver du skal ta. Vi ber deg derfor om sjølv å legge inn ei påminning på din eigen mobil om timen du har for blodprøver.
Vær oppmerksom
Dersom du tar medisinane uregelmessig eller stoppar heilt, vil viruset komme tilbake i blodet. Du må derfor ta tablettane kvar einaste dag livet ut.
Forholdsreglar
Dei fleste med hiv-infeksjon står på behandling, har eit normalt immunforsvar og treng derfor ikkje å ta spesielle omsyn i kvardagen. For å vere best mogleg beskytta mot infeksjonar, er det lurt å ta imot vaksinar du får tilbod om.
Når du er i utlandet, er god handhygiene og beskyttelse mot myggstikk spesielt viktig. Det er også viktig at du tar vare på di eiga seksuelle helse på ein god måte. Lær deg detaljar om korleis syfilis, klamydia og gonoré smittar, og korleis du kan beskytte deg mot å få det. Du bør også kjenne til kva symptom desse sjukdommane kan gi. Oppsøk lege så fort du får sår eller plager som kan vere teikn på kjønnssjukdom. Då blir det ofte tatt ei pinneprøve frå hals, anus og eventuelt vagina, i tillegg til ei urinprøve. Du kan også ha syfilis, klamydia eller gonoré utan å merke noko sjølv. Dersom du har eit aktivt seksualliv med fleire partnarar, bør du derfor teste deg jamleg (kvar 3.–6. månad), sjølv om du ikkje har plager. Vi sjekkar rutinemessig alle for syfilis og hepatitt B og C ein gong i året.
Dersom du ennå ikkje står på hiv-behandling, er det spesielt viktig at du søker lege ved nyleg oppståtte hudutslett, hudknutar eller synsforstyrringar. Det same gjeld langvarig feber, diaré, sår, belegg i svelget, tung pust eller uforklarleg vekttap. Dersom dette viser seg å vere AIDS, er det heilt avgjerande at du kjem raskt i gang med behandling.
Kontakt
UNN Tromsø
Infeksjonspost, Tromsø
Oppmøtested
Fløy B2, plan 9
Besøkstid 10.30- 19.30 etter avtale
UNN Tromsø
Hansine Hansens veg 67
Transport
Praktisk informasjon
Kurs
- HIV. Lærings- og mestringskursTo dagers kurs for personer som er HIV-positive. Arrangeres årlig.HIV. Lærings- og mestringskurs26.september20242 dager