Dei siste 8 timane før testen skal det ikkje takast anfallsmedisin som Ventoline, Bricanyl, Airomir eller Atrovent, dersom ikkje anna er avtalt.
Siste 3 døgn før testen skal det ikkje takast Oxis, Symbicort, Serevent, Seretide eller Singulair, dersom ikkje anna er avtalt.
Inhalasjonsstereoidar som Pulmicort, Flutide og Aerobec skal takast som vanleg.
Ta med joggesko og joggeklede, og evt. medisinar.
Dersom du nyleg har hatt, eller har ein pågåande infeksjon i luftvegane, eller tydeleg forverring av sin astma, vil det vere lite aktuelt å gjennomføre testen.